Lotteri- og stiftelsestilsynet gjennomfører i haust ei ny brukarundersøking. Undersøkinga skjer i samarbeid med Epinion Norge AS, og blir sendt ut i siste halvdel av oktober.
Dialog med brukarane
Lotteri- og stiftelsestilsynet er oppteken av å ha ein god dialog med brukarane våre, og formålet med brukarundersøkinga er å få innspel som kan bidra til å vidareutvikle og forbetre arbeidet vårt.
Kvantitativ undersøking
Denne gongen gjennomfører vi ei kvantitativ undersøking, og det er lotteriverdige organisasjoner, stiftelsar og frivillige lag og organisasjonar som har vore i kontakt med oss det siste året som får spørsmål.
Vi spør brukarane om dei får nok informasjon, om det er lett å finne den og om lovverket og anna informasjon blir formidla på ein måte som er lett å forstå. Vi ønskjer med andre ord å få tilbakemelding på om servicenivået vårt er som det skal vere.
Kvalitet
Vi kjem til å bruke resultatet av undersøkinga til å bli betre på det vi kan bli betre på. Målet er å vere opne, tydelege og tilgjengelege. Vi skal aktivt gje informasjon om rettar, plikter og mogelegheiter.
Kort sagt – vi skal levere kvalitet.