Dei nye store lotteria er i gang

Vi får ein del spørsmål frå publikum om nye store lotteri har lov å marknadsføre og tilby spel i Norge. Her kan du sjå kven som har fått løyve.

Ei forskriftsendring i 2015 slo fast at Lotteritilsynet kan gje inntil 5 løyve til nye lotteri, alle med ei omsetning avgrensa til 300 millionar kroner per år. Det var berre store humanitære organisasjonar med omfattande internasjonal aktivitet som kunne søkje. Organisasjonane skal ha minst 50% av overskotet etter frådrag for gevinstar. Løyva gjeld for ni år.

Vi fekk åtte søknadar frå i alt 14 organisasjonar, og det vart ei omfattande sakshandsaming. To lotteri fekk løyve i 2017, mens tre lotteri (etter loddtrekning blant dei kvalifiserte) fekk løyve i oktober 2017, med vilkår om oppstart innan 1. oktober i år. No er alle i gang med sine lotteri.

Lotteri som har fått løyve, har lov å marknadsføre seg. Under ser du oversikt over dei nye store lotteria som har fått løyve etter lotteriforskrifta § 7.

Pantelotteriet

Panteautomatat der du kan velje innskot i lotteriet i staden for utbetaling av pant. Du får straks medling om du har vunne. Toppgevinsten er 1 million kroner. Norges Røde Kors står bak Pantelotteriet, og entreprenør er Norsk Pantelotteri AS.

Uniceflotteriet

Talspel kombinert med symbol. Kjøp av enkeltlodd eller abonnement. Trekning kvar fredag. Toppgevinsten er 2 millionar kroner. Unicef Norge står bak Uniceflotteriet, og Lottovate Ltd. er enreprenør.

Postkodelotteriet

Loddet er ein kombinasjon av postnummer, postkode og loddnummer. Abonnement på månadslodd. Det er både vekestreknng og månadstrekning. Toppgevinst er 2 millionar kroner. SOS-Barnebyer Norge og WWF-Norge er organisasjonane bak Postkodelotteriet. Entreprenør er Novamedia Norsk Postkodelotteri AS.

Fotolotto

Eit foto sendt med mobil fungerer som lodd. Mindre premiar umiddelbart, samt trekning kvar veke. Toppgevinst er 1 million kroner. Organissasjonen bak Fotolotto er Right to Play Norge og entreprenør er Fotolotto.no AS.

Norgeslotteriet

Du kan vinne mindre gevisntar straks, i tillegg er det vekestrekning og månadstrekning. Toppgevinst er 2 millionar kroner. Det er Caritas Norge, Regnskogfondet og Utviklingsfondet som er organisasjonane bak Norgeslotteriet.  Donira AS er entreprenør.