Fleire får i år
Det betyr at over 2000 fleire lokallag får momskompensasjon i 2016 enn året før. Dette viser at ordninga blir stadig betre kjend, og dermed når vi ut til fleire lokale lag og foreiningar med ordninga.
Godkjent søknadsbeløp for 2016 var på 1,69 milliardar kroner mot 1,56 millliardar i 2015. Avkortinga i år blir dermed på 23,7 prosent mot 21,7 prosent i fjor. Sentralledd som har søkt på vegner av underledd fordeler pengane vidare etter eigne rutinar.
Utbetaling før jul
Utbetaling av momskompensasjonen for 2016 skjer medio desember.
Her finn du oversikt over kven som får kompensasjon, og tildelt beløp i 2016.
Sjå også pressemelding frå Kulturdepartementet.