Ulovlege spelselskap lokkar spelarar med aggressiv marknadsføring på SMS og e-post. – Dei fristar først med pengar å spele for, seier Christoffer Lian, som har slitt med speleavhengigheit.  

Christoffer Lian har vore spelefri i 6 år. Han held tellinga. No er det 2187 dagar. Han klarte å slutte etter å ha vore avhengig av pengespel heile ungdomstida.  

– Dei første vekene etter at eg slutta var det berre kaos. Det var fæle veker. Eg måtte lære meg å forholde meg til følelsar. Spelinga har gjort at eg har sett lokk på det. Arbeidet mitt med følelsar er jo eit arbeid som tar ein mannsalder, og eg jobbar jo fortsatt med det.  

For det er sterke krefter i avhengigheita, som er vanskelege å stå imot. Lotteritilsynet får mange tips om at ulovlege spelselskap sender SMS og e-post med fristande tilbod, for å lokke folk til å spele. Du kan få bonusar på fleire tusen kroner og freespins, som er gratis spel på nettkasino.  

-Hadde eg fått det då, med ein gong eg slutta, og kjente veldig på eit ektefølt sakn etter spelinga. Det er ein skummel triggar, og det veit dei.

-Det er høg risiko i å spele hos dei ulovlege selskapa

Shotz, Rizk, Verde Casino, Viggo Slots, Sugarcasino, Slots Palace og Norsk Casino er blant selskapa som sender ut direktereklame, ifølge tipsa Lotteritilsynet får. Selskapa omtalar speltilboda sine som trygge. 

– Dette er lureri. Slike ulovlege pengespel har høg risiko. Dei brukar aggressive og avhengigheitsskapande verkemiddel, og spelarane kan tape store summar på kort tid, seier Monica Alisøy Kjelsnes, seniorrådgivar i Lotteritilsynet.  

Bilde av seniorrådgivar i Lotteritilsynet Monica Alisøy Kjelsnes.
– Vi åtvarar mot å spele pengespel som ikkje har norsk løyve, seier Monica Alisøy Kjelsnes, seniorrådgivar i Lotteritilsynet.

Selskapa opplyser heller ikkje om at du risikerer å ikkje få gevinsten din, fordi norske bankar skal stoppe pengeoverføringar til og frå ulovlege selskap.  

– Det er berre Norsk Tipping som har lov til å tilby kasinospel og oddsspel på nett.  Dei har ikkje lov til å tilby bonusar og freespins, og har maksimale tapsgrenser på 5000 kroner per månad på kasinospela sine.  

Fleire av dei store ulovlege pengespelselskapa, som Unibet og Betsson, er i ferd med å trekke seg ut av Noreg.

Dette har ført til at fleire mindre selskap no forsøker å lokke nordmenn til pengespela sine, i strid med norsk lov.

– Vi åtvarar mot å spele pengespel som ikkje har norsk løyve, seier Kjelsnes.

Får framleis lokkemail

Det er snart seks år sidan Christoffer slutta å spele, men det er ikkje lenge sidan det dukka opp ein e-post med lokketilbod frå eit av selskapa han pleidde å spele hos. Og det sjølv om han har blokkert seg og utestengt seg på livstid.  

– Eg forklarte dei at eg har vore speleavhengig, men eg fekk ikkje noko beklagelse. Dei skulda på teknisk svikt.

E-posten fekk ikkje Christoffer til å spele igjen.

– Eg er så glad for at eg veit kva som skjer om eg prøvar igjen. Men det triggar, seier han, som i dag har engasjert seg i å hjelpe andre, som nestleiar i Spillavhengighet Norge.