Svært få har misbrukt dei tillitsbaserte ordningane for frivilligheita under koronapandemien, men tre personar er no dømde for bedrageri i rettssystemet.

Vestfold Tingrett dømde nyleg ein mann til fengsel i seks månadar etter at Lotteri- og stiftelsestilsynet hadde meldt han for grovt bedrageri. Retten fann det bevist utover ein kvar rimeleg og fornuftig tvil, at han bevisst hadde levert feil opplysningar i forbindelse med ein søknad om krisestøtte til Lotteri- og stiftelsestilsynet. Opplysningane førte til at ein organisasjon feilaktig fekk utbetalt 320 000 kroner. Dommen er ikkje rettskraftig.

Då Stortinget i 2020 innførte krisepakkar til frivilligheita grunna covid-19-restriksjonar, var det med klare føringar om at pengane skulle betalast ut raskt. Det var tydeleg kommunisert at ordningane dermed måtte bygge på tillit.

– Erfaringar så langt er heldigvis at det er få som har forsøkt å misbruke dei tillitsbaserte støtteordningane for frivilligheita, seier direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet, Atle Hamar.

Direktør Atle Hamar
Atle Hamar er direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Det er 23 000 organisasjonar som har fått tilskot knytt til covid-19-utbrotet. Så langt har vi meldt fire forhold til Økokrim, der vi mistenker at det kan vere medvite misbruk av ordningane. Vi jobbar framleis med etterkontrollar, og kan ikkje utelukke at det kjem fleire.

I dei fleste sakene der organisasjonar har fått utbetalt for mykje, er det ikkje mistanke om misbruk. I desse tilfella er det andre feil i søknaden som gjer at organisasjonen har fått betalt ut meir enn den har krav på. I desse sakene har vi kravd tilbakebetaling.

Nyttig samarbeid med økokrim

– Det vil alltid vere risiko for misbruk av tillitsbaserte støtteordningar. Risikoen for at misbruket ikkje blir avdekt aukar naturleg nok med omfang, tempo og grad av automatisering i saksbehandlinga, seier Hamar.

Gjennom pandemien har Lotteri- og stiftelsestilsynet jobba målretta med å finne ein balanse mellom rask utbetaling og forsvarleg kontroll.

– Vi sette i verk fleire tiltak for å førebygge og avdekke misbruk av ordningane.

Eit av tiltaka var jamleg dialog med Økokrim. Det har vist seg å vere eit nyttig samarbeid som har gitt konkrete resultat. Så langt er det avsagt tre dommar som gjeld støtteordningar knytt til covid-19 for frivillige lag og organisasjonar. I tillegg til dommen i Vestfold tingrett i november 2022, gjeld det desse dommane:  

  • I november 2020 dømde Sør-Trøndelag tingrett ein mann til sju månadar fengsel etter at han tilstod å ha levert feil opplysningar i forbindelse med ein søknad om støtte i krisepakken for frivilligheita. Opplysningane førte til at ein organisasjon uriktig fekk utbetalt nær 400 000 kroner. Det var Eininga for finansiell etterretning (EFE) hos Økokrim som oppdaga og melde saka.
  • Eit år seinare, i november 2021 dømde Oslo tingrett ein mann til fengsel i tre år og ni månader etter at Lotteri- og stiftelsestilsynet hadde meldt fleire forsøk på grovt bedrageri til Økokrim. Mannen hadde sendt inn uriktige søknadar om kompensasjon på fleire millionar kroner for ulike organisasjonar som han stod bak. VG har omtala saka. Dommen omfatta også fleire forhold som VG har omtalt tidlegare.

Håpar på førebyggande effekt

I alle tre sakene la retten særleg vekt på at dei tiltalte hadde utnytta tillitsbaserte økonomiske støtteordningar som blei innførte i krisetid, og at allmennpreventive omsyn skulle gjere seg særleg gjeldande ved utnytting av slike ordningar.

– Dommane viser at misbruk, og forsøk på misbruk, kan få alvorlege konsekvensar. Vi håpar og trur at desse sakene vil ha ein førebyggande effekt, slik at ingen fleire blir freista til å misbruke statlege støtteordningar, avsluttar Hamar.