Fleire kvinner tek no kontakt med Hjelpelinja for speleavhengige. I 2015 handla 17 prosent av førstegongs samtalar på Hjelpelinja om kvinner, medan talet året før var 12 prosent.

Dette går fram av statistikken for Hjelpelinja i 2015. Samla vart det gjennomført 768 samtalar frå eller om spelarar. Dette er ein reduksjon på fem prosent frå året før, men talet på samtalar om pengespel auka likevel med seks prosent.

Derimot gjekk talet på samtalar om dataspel tilbake med 25 prosent i fjor.

Snittalderen ned

I 2015 handla 80 førstegongs samtalar om kvinner, og dette er ein auke på 28. Snittalderen på kvinner i samtalane er gått ned frå 47 år til 39 det siste året. Det er særleg problem med kasinospel som no får kvinner til å kontakte Hjelpelinja. 68 prosent av kvinnene oppgav problem med slike pengespel.

Samtalar om kasinospel, særleg spel som utanlandske spelselskap tilbyr på nettet, dominerte ved Hjelpelinja i fjor. Dei fleste samtalane om kasinospel, oddsspel og poker handlar om spel på utanlandske nettsider. Dermed handla over halvparten av alle pengespel-samtalane på Hjelpelinja i fjor om spel som utanlandske nettspelselskap tilbyr.