Det kom inn 1 444 søknader om momskompensasjon i 2016. Dette er fleire enn i 2015, ein auke på 7 %. Også søknadsbeløpet har auka med 124 millionar kroner samanlikna med i fjor.
Søknadsbeløpet er i år på 1, 724 milliardar kroner. Søknadsråma er på 1,293 milliardar kroner.
Vi når ut til målgruppene
– At vi også i år har ein auke i tal søkjarar og søknadssum viser at vi når ut til målgruppene våre med informasjon om ordninga, og det er viktig, seier seniorrådgjevar Bjarne Hellem i Lotteritilsynet.
– Vi ser også at sentralledda har med stadig fleire av underledda sine i søknadene.
Utbetaling i desember
Samla godkjent søknadsbeløp blir ikkje klart før alle søknadane er handsama. Først då vil vi vite kor mykje søkjarane får utbetalt etter avkorting. Saksbehandlinga blir avslutta i slutten av november og utbetaling skjer i midten av desember.
Sjå alfabetisk oversikt over søkjarar, eller sortert på søknadsbeløp.