Selskapa bak Unibet, Betsson, ComeOn og Bet365 har drive ulovleg i Noreg i fleire år. No er dei i ferd med å trekke seg ut av den norske marknaden etter at vi har gjennomført tilsyn mot dei.
– Dette er selskap som verken har lov til å tilby eller marknadsføre pengespel til nordmenn. At fleire av dei største spelselskapa som opererer ulovleg i Noreg trekker seg ut, vil førebygge pengespelproblem og bidra til eit tryggare og meir ansvarleg speltilbod i den norske marknaden, seier Henrik Nordal, avdelingsdirektør i Lotteritilsynet.
Noreg er ikkje ein like lukrativt marknad for ulovlege pengespelselskap som det var før. I dag er den ulovlege pengespelreklamen på TV borte og betalingsformidlingsforbodet fungerer godt.
– Dette viser at regulering har effekt. Det har blitt mykje vanskelegare for dei ulovlege selskapa å drive i Noreg. Vi tilbyr også rettleiing til selskap som ønsker å trekke seg ut av den norske marknaden.
Tilsynet har omfatta følgande spelsider
Selskapa bak desse spelsidene er i ferd med å trekke seg ut av den norske marknaden:
- Unibet
- Mariacasino
- Storspiller
- Bingo
- Betsson
- Betsafe
- Nordicbet
- Norgesautomaten
- CasinoEuro
- ComeOn
- Bet365
- Folkeriket
- GetLucky
- Mobilebet
- Mobilautomaten
Varslar fleire tilsyn
Lotteritilsynet kjem til å følge opp med tilsyn mot fleire ulovlege selskap, med mindre dei informerer oss om at dei vil trekke seg ut av Noreg.
Selskap som ikkje trekker seg ut av den norske marknaden risikerer at nettsidene deira blir blokkert neste år, når vi får nytt regelverk på plass. Det vil seie at norske spelarar blir stoppa dersom dei prøver å gå inn på nokon av desse sidene.
Ei fersk befolkningsundersøking som Universitetet i Bergen har gjort på oppdrag frå Lotteritilsynet, viser at tal nordmenn som har speleproblem er halvert sidan førre undersøking i 2019.
Dette viser at arbeidet Lotteritilsynet har gjort med å stanse ulovlege selskap har hatt god effekt, men det er framleis ulovlege pengespelselskap i den norske marknaden.