– Feilen er eit alvorleg tillitsbrot. Spelarar skal kunne stole på Norsk Tipping, seier Tore Bell, avdelingsdirektør i Lotteritilsynet.  

I samband med trekninga i Eurojackpot 27. juni i år fekk 47 000 vinnarar feilaktig melding om at dei hadde vunne altfor høge premiar. 30 000 av desse fekk også premievarsel varsel i form av SMS eller pushvarsel på telefonen om dei store premiebeløpa.   

I september fekk Norsk Tipping varsel om gebyr på inntil 10 millionar kroner, og no har Lotteritilsynet vedtatt gebyret.  

-Kritikkverdig at feilen ikkje blei oppdaga tidlegare 

Årsaka til feilen var feil i ein formel som blei brukt når premien skulle reknast om frå Eurocent til norske kroner. Det blei ganga med hundre framfor å dele på hundre.   

-Det er kritikkverdig at feilen ikkje blei oppdaga i samband med verken testing eller kontrollar, men først etter at meldinga om feil premiebeløp var gått ut til spelarane, seier Bell.  

Det er formidlande at sjølve trekninga var korrekt gjennomført, at feilen blei raskt korrigert og at Norsk Tipping har sett i verk fleire tiltak for å unngå tilsvarande feil i framtida.   

10 millionar er 0,1 prosent av omsetninga til Norsk Tipping, som var på i overkant av 10,2 milliardar kroner i 2024. 

Les vedtaket (PDF).