– Spelarar skal kunne stole på Norsk Tipping, og dette er eit alvorleg tillitsbrot, seier Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet. 

I samband med trekninga i Eurojackpot 27. juni i år fekk 47 000 vinnarar feilaktig melding om at dei hadde vunne altfor høge premiar. 30 000 av desse fekk også premievarsel varsel i form av SMS eller pushvarsel på telefonen om dei store premiebeløpa.  

– Det er klart det må opplevast brutalt når du får melding om at du har vunne ein stor premie, og så stemmer det ikkje. Denne saka er skadeleg for tilliten til Norsk Tipping, og skapte sterke reaksjonar, seier Hamar.  

Ifølge pengespellova skal tilbydarar av pengespel gjennomføre pengespel på ein redeleg måte, som er eigna til å vinne tilliten til ålmenta. 

– Kritikkverdig at feilen ikkje blei oppdaga før

No har Lotteritilsynet sendt Norsk Tipping varsel om inntil 10 millionar kroner i lovbrotsgebyr. Det er 0,1 prosent av omsetninga til Norsk Tipping, som var på i overkant av 10,2 milliardar kroner i 2024.

Årsaka til feilen var feil i ein formel som blei brukt når premien skulle reknast om frå Eurocent til norske kroner. Det blei ganga med hundre framfor å dele på hundre.  

– Det er kritikkverdig at feilen ikkje blei oppdaga i samband med verken testing eller kontrollar, men først etter at meldinga om feil premiebeløp var gått ut til spelarane. 

Det er formidlande at sjølve trekninga var korrekt gjennomført, at feilen blei raskt korrigert og at Norsk Tipping har sett i verk fleire tiltak for å unngå tilsvarande feil i framtida.  

Norsk Tipping har tre veker til å svare på varselet, før Lotteritilsynet gjer vedtak.  

Lotteritilsynet skal ha stort tilsyn med Lotto, Eurojackpot og Vikinglotto 

Det har blitt oppdaga alvorlege feil hos Norsk Tipping den siste tida. Derfor har Lotteritilsynet varsla eit stort tilsyn, og full gjennomgang av Lotto, Vikinglotto og Eurojackpot.  

– Norsk Tipping har for dårleg kontroll med spela sine, og sakene viser eit grunnleggande problem i både system og kontrollar. Det er alvorlege feil, og dei har ikkje blitt oppdaga før konsekvensane er store. 

  • I fjor fekk ein spelar ved ein feil utbetalt 25 millionar kroner frå kasinospelet KongKasino 
  • Spelarar på iPhone/iPad fekk ikkje stenge seg ute frå Norsk Tipping sine spel i fire månadar i fjor. Dette blei ikkje oppdaga før ein spelar meldte frå.  
  • Alvorlege trekningsfeil i den norske millionpremien i Eurojackpot og supertrekninga i Lotto har ført til at spelarar i andelslag, andelsbank og spelelag har hatt større vinnarsjanse over fleire år. Feilen har ført til at det har vore feil vinnar i kvar einaste trekning i fleire år. Denne feilen blei også oppdaga på grunn av tips.