Vi har fått ein førebels rapport frå Norsk Tipping om hendinga, og skal ha eit møte med dei tidleg denne veka.

Fredag fekk fleire tusen spelarar feilaktig varsel om at dei hadde vunne høge premiar i Eurojackpot. Det var om lag 47 000 norske vinnarar på fredag, men ikkje alle har fått SMS eller pushvarsel om gevinst.  

Ein feil i koden som reknar om til norske kroner førte til feilen.  

– Dette er ei alvorleg sak, som heilt klart er skadeleg for Norsk Tipping. Jobben vår er å vurdere om det som har skjedd er brot på pengespellova, seier Terje Gilleshammer, kommunikasjonsdirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.  

Laurdag sendte Norsk Tipping ein førebels rapport om hendinga.  

– Vi er i gang med å gå grundig igjennom den, og skal ha eit møte med Norsk Tipping i morgon (tysdag 1.juli). Så skal vi sjølvsagt informere når vi har vurdert denne saka. Dette er ein feil som har stor offentleg interesse, og som har gått utover mange spelarar.