Norske tilsynsmyndigheiter vil samarbeide for å beskytte dei unge betre mot speleproblem. Blant Hjelpelinjen sine brukarar seier 64 prosent at kasinospel, altså speleautomatar på nett, er det største eller einaste spelet som gjer at dei har speleproblem.

– Vi ser at unge kasinospelarar kan ha lært spelvanane sine i ulike typar dataspel. Moglegheita for å spele om virtuelle verdiar i dataspelet eller rein gambling for reell valuta i randsonen av dataspelets brukarmiljø, har skapt nye vanar for nye generasjonar, seier Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Hjelpelinjen får henvendelsar frå stadig yngre menneske, og gjennomsnittsalderen har blitt merkbart lågare dei siste åra.
Tilsyn samlar kreftene for å gi betre beskyttelse
Denne utviklinga bekymrer myndigheitene. For å gi dei unge betre beskyttelse har Lotteritilsynet, Forbrukartilsynet og Medietilsynet inngått eit breitt samarbeid.
– Pengespel og kjøp er blitt ein større del av dataspel. Vi ser at dataspel blir fylt opp med gamle knep vi kjenner frå kasinospel, og det utset barn og unge for risiko, seier direktør Bente Øverli i Forbrukartilsynet.
Dataspel er fritidsaktiviteten flest barn og unge held på med, og nærare 9 av 10 av dei mellom 9 og 18 år gamar, viser Medietilsynet si undersøking Barn og medier 2024. Nesten halvparten av desse spelar dataspel dagleg.
– Ved å samarbeide, oppnår vi som tilsyn mykje meir enn om vi berre jobbar kvar for oss. Det såg vi då vi fekk den ulovlege reklamen for pengespel bort frå norske tv- skjermar, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.
Fakta om tilsyna
Lotteritilsynet: Lotteritilsynet fører tilsyn med og handhevar pengespelregelverket. Les meir om blokkering av ulovlege pengespelsider.
Forbrukertilsynet: Forbrukartilsynet fører tilsyn med marknadsføring og avtalevilkår, handhevar forbrukarvernlovgiving og meklar i konflikter mellom forbrukarar og næringsdrivande. Les meir om deira arbeid på spel her.
Medietilsynet: Medietilsynet kan pålegge norske tv-distributørar å stanse marknadsføring av pengespel som ikkje har tillatelse i Noreg. Medietilsynet driv kunnskapsbasert rettleiing om dataspill, særleg retta mot barn og unge, foreldre og profesjonar som jobbar med barn og unge.
Grensene mellom gaming og gambling blir viska ut
– Vi kjenner til tilfelle der barn og unge spelar vekk tusenvis av kroner. Dei som spelar på nett må få betre beskyttelse enn i dag, og spelbransjen må ta eit større ansvar, seier Atle Hamar i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Tilsyna er bekymra for utviklinga der grensene mellom dataspel og pengespel blir viska ut. Dataspel hentar inspirasjon frå pengespel, og det blir laga pengespel basert på innhaldet i dataspel. Eksempel på dette er kjøp av lootboksar (forundringspakkar), der forbrukaren ikkje veit på førehand kva innhaldet er, eller skinbetting, der spelinnhald blir brukt som valuta på gamblingsider.
– Alle dei tre tilsyna er opptatte av korleis vi kan gi forbrukarar, og særleg dei unge, betre beskyttelse på dette området, seier Hamar.