Kulturdepartementet har sendt på høyring forslag til ny forskrift om fordeling av Norsk Tippings overskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar.
Det skal innførast ein permanent modell for fordeling av overskotet frå 2018.
Finn høyringsbrev, høyringsnotat og oversikt over høyringsinstansar på regjeringen.no.
Høyringsfristen er 10. november 2017.