Høyringsforslag

Forslag til endring i forskrift om lotterier m.v. (lotteriforskriften) §8 om NM i turneringspoker (Poker-NM) er sendt på høyring.

Dei viktigaste forslaga til endringar er:

  • Maksimalt innskot til Poker-NM blir auka til kr 5 000 i regionale kvalifiseringsturneringar
    (tidlegare kr 2 000), og til kr 20 000 i norgesmesterskapet (tidlegare kr 10 000).
  • Entreprenørens del av brutto omsetning til dekning av kostnader blir auka til 20% (tidlegare 10%)
  • Det blir opna opp for gevinstar i kvalifiseringsturneringane (gevinstar som dekker kostnader i samband med deltaking i norgesmesterskapet, for eksempel flybillett/hotellovernatting)

Frist for uttale

Høyringa er sendt ut på oppdrag frå Kulturdepartementet, og eventuelle høyringsuttalar skal sendast Lotteritilsynet innan 7. august 2017.

Les heile høyringsbrevet med oversikt over høyringsinstansane.