Forslag til nye reglar for stiftelsar på høyring

Nærings- og fiskeridepartementet har forslag til nye reglar for stiftelsar ut til opa høyring.

Det er mellom anna foreslått at det skal innførast forbod mot å drive skattepliktig næringsverksemd i stiftelsar.

Her er forslaga i høyringsnotatet:

  • Det blir innført forbod mot å drive skattepliktig næringsverksemd direkte i stiftelsar
  • Reint pengeutdelande stiftelsar må ha en høgare grunnkapital enn andre stiftelsar
  • Stiftelsar skal rapportere sentrale rekneskapstall direkte til Stiftelsestilsynet
  • Foretaksnavnet til stiftelsar skal innehalde ordet stiftelse eller forkortelsen STI
  • Det blir innført krav om at meldingar til Stiftelsestilsynet skal sendast inn elektronisk

Departementet inviterer fleire stader høyringsinstansane til å komme med innspel til konkrete forslag i høyringsnotatet, som for eksempel om behov for papirbaserte søknader, og i kva utstrekning pengeutdelande legat med låg kapital skal vere unnateke frå offentleg tilsyn.

Høyringane vil inngå i arbeidet med ny stiftelseslov når denne blir lagt fram for Stortinget.

Høyringsfrist er 18. juni 2021.