I 2021 forvalta vi fleire koronaordningar for frivilligheita og idretten. No er tala klare.
– Vi er veldig glade for at vi er ferdige med å behandle alle søknadane for 2021. Vi har betalt ut i puljer gjennom heile året for å sikre at frivilligheita fekk pengar på konto så raskt som mogleg, seier Marianne Alværen Torset som er seniorrådgivar på avdelinga for frivilligheitsstøtte.
Det er utbetalt støtte til både store nasjonale publikumsarrangement, og små lokale aktivitet rundt omkring i heile landet. Her kan du sjå oversikt over nøkketal for koronapakkane til frivilligheita.
Over 1 milliard kroner til frivillige lag og organisasjonar
I ordninga for covid-tilskot for arrangement og aktivitet til frivillige lag og organisasjonar, blei 8522 søknadar godkjende og 1 002 528 568 kroner utbetalt til 6262 mottakarar. Vedtaka blei sendt ut fortløpande med til saman tolv utbetalingspuljer mellom juli 2021 og mars 2022.
Sjå oversikt over mottakarar og tildelt beløp.
Over 212 millionar kroner til idrettssektoren
I ordninga for covid-tilskot til publikumsarrangement av nasjonal verdi i idrettssektoren, blei 202 søknadar godkjende og totalt 212 843 104 kroner utbetalt til 128 mottakarar. Vedtaka blei sendt ut fortløpande med til saman åtte utbetalingspuljer mellom juli 2021 og mars 2022.
Sjå oversikt over mottakarar og tildelt beløp.
255 millionar kroner til dei som fekk momskompensasjon i 2020
20 633 lag og foreiningar mottok 255 millionar kroner i denne delen av tilskotsordninga, som gjeld organisasjonar som fekk momskompensasjon i 2020.
Søk på fleire nøkkeltal – tilskot for dei som mottok momskompensasjon.