Nøkkeltal koronapakkane til frivilligheita

Her finn du nøkkeltal på alle våre tilskotsordningar til frivilligheita som følge av covid- 19.

Nye tilskotsordningar i 2021 som følge av covid -19

20 633 lag og foreiningar mottar 255 millionar kroner i denne delen av tilskotsordninga, som gjeld organisasjonar som fekk momskompensasjon i 2020. Søknadsfristen var 20. april 2021.

Søk på fleire nøkkeltal – tilskot for dei som mottok momskompensasjon.

To andre tilskotsordningar i 2021 som følge av covid- 19 pågår og du finn oppdaterte søkartal og utbetalingar på desse sidene.

Krisepakkane til frivilligheita i 2020

I 2020 forvalta vi tre krisepakkar til frivillige lag og organisasjonar som er ramma av korona.

Samla er det betalt ut 2 158 804 357 kroner i krisepakke 1, 2 og 3.

Til saman 9 284 lag og organisasjonar har fått støtte. Last ned oversikt over alle søkarar og tildelt beløp.

Under ser du samla nøkkeltal for dei tre krisepakkane.

Utvalde nøkkeltal frå dei tre krisepakkane

Sjå alle kategoriar inkludert dei som har tildelt beløp under ein million kroner.

Fylkesfordeling mottakarar og tildelt beløp

Tal mottakararTildelt beløp
Agder540102 309 189
Innlandet821139 997 908
Møre og Romsdal682120 406 503
Nordland63481 842 840
Oslo690515 614 518
Rogaland651168 433 909
Svalbard1609 158
Troms og Finnmark61684 391 447
Trøndelag1131212 117 671
Vestfold og Telemark714
132 876 920
Vestland1228234 993 080
Viken1576365 211 216
Totalt92842 158 804 357

Krisepakke 1

I krisepakke 1 fekk 1787 frivillige lag og organisasjonar nær 272 millionar kroner.

Krisepakke 1 gjaldt i perioden 5. mars til og med 30. april 2020.

Frivillige lag og organisasjonar som måtte avlyse, stenge etter utsette arrangementet kunne søke om støtte.

Søk på meir informasjon om krisepakke 1.

Krisepakke 2

I krisepakke 2 fekk frivilligheita nær 1,1 milliardar kroner. 25 615 arrangement og annan aktivitet fekk støtte.

Krisepakke 2 gjaldt for perioden 12. mars til og med 31. august 2020. Frivillige lag og organisasjonar kunne søke om tapte inntekter frå arrangement eller annan spesifisert aktivitet, tapte utleigeinntekter og tapte inntekter som følgje av at organisasjonen mista oppdrag knytt til eit arrangement eller annan spesifisert aktivitet.

Søk på fleire nøkkeltal for krisepakke 2.

Krisepakke 3

I krisepakke 3 fekk frivilligheita utbetalt over 832 millionar kroner. 5 840 organisasjonar har fått støtte.

Krisepakke 3 var hovudsakleg ei forlenging av krisepakke 2, og gjaldt for perioden 12. mars til og med 31. desember 2020.

Her kan du finne meir informasjon og fleire nøkkeltal for krisepakke 3.