Nøkkeltal momskompensasjon til idrettsanlegg

I 2022 fekk Lotteri- og stiftelsestilsynet 406 søknader om kompensasjon for utgifter til meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg. Søknadsfristen var i desember 2021. Les meir om ordninga her.

Samla godkjent søknadsbeløp var på 343 506 760 kroner. Alle som fekk godkjent søknaden fekk utbetalt beløpet det var søkt om. Av 406 søknader vart 388 godkjent, fem avslått, ni avvist og fire trekte søknaden.

I fjor vart 532 av 563 søknader godkjent, og det godkjende søknadsbeløpet var til saman 292 708 409 kroner.

Les meir om momskompensasjon til idrettsanlegg her.

Utvikling over tid

Her kan du søke på tildelingar dei siste åra.

Ønsker du tal lenger tilbake i tid finn du dei her.