Denne ordninga gjeld bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og anlegg for friluftsliv i fjellet. Ordninga omfattar ikkje drifts- og vedlikehaldskostnadar.

Illustrasjon momskompensasjon idrettsanlegg

Vi har opna for søknad. Søknadsfristen er 2. desember 2024.

På tilskudd.no kan du abonnere på e-postvarsel om denne tilskotsordninga.

Desse organisasjonane kan søke:

  • Idrettslag/organisasjonsledd i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF).
  • Idrettslag organisert under Samisk idrettsforbund.
  • Samanslutningar organisert under Norges Jeger- og Fiskerforbund.
  • Samanslutningar under Den Norske Turistforening.
  • Samanslutningar under Norges Bilsportforbund.
  • Samanslutningar under Det frivillige Skyttervesen.
  • Aksjeselskap/allmennaksjeselskap.
  • Stiftelsar.
  • Andre samanslutningar.

De kan søke sjølv om de er registrert i meirverdiavgiftsregisteret, men då skal frådragsført meirverdiavgift trekkast ut i søknaden om momskompensasjon.

Vilkår for å søke:

  • Anlegget må vere ferdig, og anleggsrekneskapen må vere kontrollert og attestert av revisor.
  • Ordninga gjeld idrettsanlegg der bygginga er sett i gang etter 1. januar 2010. Dersom utbygginga skal skje gjennom fleire byggesteg, er det berre byggesteg som er sett i gang etter 1. januar 2010 som kan vere med i søknaden om kompensasjon.
  • For å kunne søke må det vere minst 15 000 kroner i søknadsberettiga meirverdiavgiftskostnadar.

Her kan du lese bestemmelsane og informasjon om årets søknadsrunde:

Ordninga omfattar alle som søker om og oppfyller vilkåra for å få spelemidlar gjennom Kulturdepartementet sine tilskotsordningar for bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Søknaden om spelemidlar må vere godkjent før de kan søke kompensasjon i denne ordninga.

Dersom de ikkje har søkt om å få spelemidlar – gå til anleggsregisteret.no.

Byggearbeidet de vil søke om må vere starta etter 1. januar 2010, og anlegget må vere ferdig. Dersom de har fleire byggesteg kan de berre søke om arbeid som er sett i gang etter 1. januar 2010.

For å kunne søke må de ha minst 15 000 kroner i meirverdiavgift.

Dersom anlegget er bygd i regi av kommune eller fylkeskommune kan de ikkje søke på denne ordninga.

Denne ordninga omfattar ikkje drifts- og vedlikehaldskostnadar knytt til anlegget. Då må de heller sjekke om de kan søke på den generelle momskompensasjonsordninga.

Dette må de ha klart før de søker

Alle som søker om momskompensasjon til idrettsanlegg skal levere rekneskapsskjema og revisorrapport. Det er dei same dokumenta som blir brukte i samband med utbetaling av spelemiddeltilskotet.

OBS! Sjølv om de har levert elektronisk rekneskapsskjema i Anleggsregisteret, må de hugse å sende inn søknad om momskompensasjon via vårt søknadsskjema. Rekneskapsskjema er vedlegg til søknaden.

Vedlegg 1: Rekneskapsskjema

Dette er ein rapport over finansiering av anlegget, og eit samandrag av hovudpostane i rekneskapen. Korleis de leverer rekneskapsskjema kjem an på kor tid anlegget var ferdigstilt.

Anlegg som er ferdigstilt frå januar 2024, skal levere elektronisk rekneskapsskjema:

Søkarar som har anlegg ferdigstilt frå januar 2024 må bruke det elekroniske rekneskapsskjemaet i Anleggsregisteret. Skjema for anlegg og fysisk aktivitet finn du her og skjema for løypetiltak i fjellet og overnattingshytter finn du her.

Anlegg som er ferdigstilt før januar 2024, skal levere rekneskapsskjema i excel:

Søkarar som har anlegg som er ferdigstilt før januar 2024, og som har brukt rekneskapsskjemaet i excel, skal laste det opp som vedlegg til søknaden. Rekneskapsskjema skal vere signert av organisasjonen, kommunen og revisor. 

Regelverket frå Kulturdepartementet har meir informasjon om krav til rekneskap og kontroll av rekneskap:

Vedlegg 2: Revisorrapport/avtalte kontrollhandlingar 

Kommunen sin revisor skal gå gjennom og kontrollere rekneskapen til anlegget, og lage ein rapport basert på «Avtalte kontrollhandlinger» i ISRS 4400 (jf. Krav til rekneskap og kontroll under kapittel 4/5 i føresegnene). Dersom de får spelemiddeltilskot på mindre enn 500 000 kroner kan de bruke ein annan revisor (for eksempel ein vald revisor). Då trengst det ikkje ein formell revisorrapport, men ei stadfesting av at rekneskapen er kontrollert.  

  • Sjekk at anleggsnummera på vedlegga stemmer med anlegget de søker om kompensasjon for.
  • Tala du fyller inn i søknadsskjemaet skal i utgangspunktet samsvare med dei tala som går fram av rekneskapsskjemaet (vedlegg 1). Dette kan likevel avvike dersom de søker på enkelte byggesteg. 

Når du går inn i søknadsskjemaet

Du loggar inn via ID- porten. Skjemaet kan mellomlagrast, og du kan ta det fram igjen og fullføre utfyllinga seinare. Når du har sendt søknaden får du ei kvittering frå oss som stadfestar at du har søkt. Der får du også ein kopi av søknaden. Kvitteringa blir sendt til den e-postadressa du har registrert når søknaden er sendt.