Her finn du ofte stilte spørsmål og svar om momskompensasjon på idrettsanlegg

For å søke må de ha ein godkjent søknad om spelemiddeltilskot. Denne søknaden sender de via Anleggsregisteret.

Desse kan søke:

  • idrettslag/organisasjonsledd i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF)
  • idrettslag organisert under Samisk idrettsforbund
  • samanslutningar organisert under Norges Jeger- og Fiskerforbund
  • samanslutningar under Den Norske Turistforening
  • samanslutningar under Norges Bilsportforbund
  • samanslutningar under Det frivillige Skyttervesen
  • aksjeselskap/allmennaksjeselskap
  • stiftelsar
  • andre samanslutningar

Dersom anlegget er bygd i regi av kommunar eller fylkeskommunar kan de ikkje søke.

Ordninga gjeld meirverdiavgift knytt til bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og anlegg for friluftsliv i fjellet.  

De kan søke om å få kompensert meirverdiavgift dersom byggearbeidet er starta etter 1.januar 2010. Anlegget må vere ferdig før de kan søke.  

De må ha minst 15 000 i søknadsberettiga meirverdiavgiftskostnadar. 

Denne ordninga omfattar ikkje drifts- og vedlikehaldskostnadar.  

Ja, anlegget må vere ferdig.

Nei, de kan berre søke om momskompensasjon for byggesteg etter 1. januar 2010.

Eit byggesteg er bygging av ei anleggseining som:

  • kan brukast som ei sjølvstendig eining til idrett/aktivitet
  • blir bygd samanhengande og innanfor ein avgrensa tidsperiode
  • normalt skal ha ein eigen spelemiddelsøknad

De kan berre søke om momskompensasjon for byggesteg etter 1. januar 2010, og anlegget må vere ferdig før de kan søke i denne ordninga.

Ja, det kan de. Ein søkjar som er registrert i meirverdiavgiftsregisteret og har forholdsmessig frådrag for inngåande avgift der, kan også søkje om momskompensasjon etter ordninga om idrettsmoms. Men då skal frådragsført meirverdiavgift i det ordinære avgiftsoppgjeret trekkjast ut i søknaden om momskompensasjon.

De finn informasjon om kva vedlegg som skal med i søknaden på denne sida. Sjå under overskrifta: Dette må de ha klart før de søker.

Ja, så lenge de er godkjente mottakarar av spelemiddeltilskot kan de søke.  

Dersom anlegget får inntil 500 000 kroner i spelemiddeltilskot, kan du bruke vald revisor.

Ja, det kan du.

Ja, ei kvittering med stadfesting og ein kopi av søknaden blir sendt til den e-postadressa de har registrert i søknaden.