Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett å auke løyvinga til kompensasjon av anleggsmoms med 106,5 millionar kroner.
Søknadsfristen var 1.mars, og Lotteri- og stiftelsestilsynet har fått inn 533 søknadar. Kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja seier at forslaget til regjeringa vil syte for full momskompensasjon for idrettsanlegg.
– Med ei samla løyving på 301 millionar kroner vil det ikkje bli avkortingar i momskompensasjonen. Ei avkorting no vil ramme enkeltlag som har investert i eigne idrettsanlegg hardt. Å sikre full kompensasjon av anleggsmomsen er difor eit viktig og riktig tiltak for å betre den akutte situasjonen som idretten no er i, seier Raja i ei pressemelding.
Lotteri- og stiftelsestilsynet er klare til å betale ut pengane kort tid etter at Stortinget har behandla revidert nasjonalbudsjett i slutten av juni.