Lotteritilsynet vann prisen “Regulatory Excellence 2023” på den årlege konferansen til International Association of Gaming Regulators (IAGR). Juryen la vekt på den store nedgangen i speleproblem i Noreg.
Juryen peikar på at Noreg har greidd å halvere tala på personar med pengespelproblem sidan 2019. Lotteritilsynet har gjennomført strenge tiltak mot ulovlege spelaktørar og samtidig hatt grundige tilsyn med lovlege aktørar.
– Lotteritilsynets omfattande strategi og målbare effekt av reguleringstiltak, gjer dei til eit føredøme for andre spelmyndigheiter. Lotteritilsynet delar også kunnskapen med andre myndigheiter til det beste for det globale nettverket, seier styrar og juryformann Caroline Kongwa i IAGR.
Regulering i Noreg har god effekt
Befolkningsundersøkinga til Universitetet i Bergen som blei lansert i mai 2023, viser at talet på nordmenn med speleproblem er halvert sidan førre undersøking i 2019.
– Undersøkinga viser at regulering i Noreg har god effekt. Stadig fleire bankar stoppar innskot og gevinst til og frå dei ulovlege spelselskapa og den ulovlege TV-reklamen er stansa. På same tid er tapsgrensene til Norsk Tipping sine kasinospel stramma inn. Vi trur også at Gjeldsregisteret har ført til at færre får problem, seier direktør Atle Hamar i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Hamar tok i mot prisen i går kveld på konferansen som i år blei arrangert i Botswana.
– Dette var stas og viser at arbeidet vi gjer har god effekt. Vi ser no at fleire ulovlege pengespelselskap trekk seg ut av Noreg som eit resultat av vårt tilsynsarbeid. Det er mange tilsette som skal ha æra for at vi har lukkast så godt som vi har gjort. Dette er eit resultatet av hardt arbeid over tid.
Stor politisk interesse og mediemerksemd
I tillegg til at Lotteritilsynet vann pris, vann Queensland Australia prisen for beste kampanje og New South Wales Australia vann prisen for deira innovative tilnærming til regulering av kasinospel.
– Vi har aldri før sett så stor politisk interesse for regulering av pengespel på IAGR-konferansen. Både statsministeren og næringsministeren i Botswana var til stades, og heldt korte og svært gode talar. IAGR er på topp i nasjonale nyhende i Botswana og har fått ei ekstern merksemd vi aldri har sett på ein IAGR- konferanse tidlegare, avsluttar Hamar.
Les meir om prisvinnarane på IAGR sin nettstad.
IAGR er ein verdsomfattande organisasjon og fungerer som eit forum for dei nasjonale pengespelmyndigheitene rundt om i verda. Målsettinga er å dele erfaringar rundt regulering av pengespel og gambling.