Dagens dokumentasjon er ikkje tilstrekkeleg til å kunne konkludere om grasrotmidlar blir brukt i strid med regelverket.
Lotteritilsynet oppretta våren 2018 tilsyn med klubbane i Eliteserien som mottar midlar frå grasrotandelen. Bakgrunnen for tilsynet var ei ny bestemming om at midlane ikkje kan brukast til økonomisk aktivitet som vrir, eller truar med å vri konkurransen med verksemder som ikkje kan motta grasrotandel. Begrepet økonomisk aktivitet, og om den vrir eller truer med å vri konkurransen, skal her fortolkast i samsvar med EØS-avtalas reglar om offentleg støtte.
Under tilsynet har vi erfart at dokumentasjonen hos eliteserieklubbane i dag ikkje er tilstrekkeleg til å kunne konkludere om grasrotmidlar blir brukt i strid med regelverket. Lotteritilsynet informerer no om gjeldande regelverk.
Lotteritilsynet sendte brev til alle eliteserieklubbane 12. desember. Vi vil med dette informere fotballklubbar i Eliteserien om kva krav forskrift om grasrotandel stiller til organisasjonane for å kunne dokumentere bruk av grasrotmidlar.