Her kan du lese høyringssvaret vårt til forslaget om nye reglar om stiftelsar.

Nærings- og fiskeridepartementet har sendt forslag om nye reglar om stiftelsar ut på høyring.

Her er nokre hovudpunkt frå Stiftelsestilsynet sitt høyringssvar:

Endringar i reglane for næringsdrivande stiftelsar

Departementet foreslår å innføre eit forbod mot å drive skattepliktig næringsverksemd direkte i stiftelsar. Dette er Stiftelsestilsynet skeptisk til, og vil stiller spørsmål ved om grunnane det vert vist til i høyringsnotatet er så tungtvegande at dei forsvarer eit så inngripande tiltak.

Lovforslaget inneber eit brot med den valfridomen stiftelsesforma gir opprettar til å bestemme korleis forvaltning av formålet og kapitalen skal skje. Grunngjevinga for det føreslegne forbodet er uklar. Det er også uklart korleis forbodet skal føre til dei effektane departementet synest å ville oppnå med det. Stiftelsestilsynet har ikkje erfaringar med skattepliktig næringsverksemd i stiftelsar som tilseier at det er naudsynt eller ønskeleg å forby dette.

Vi kan ikkje sjå at departementet har gjort ei tilstrekkeleg utgreiing av konsekvensane av forslaget, og spesielt kva negative og kompliserande konsekvensar forslaget kan føre til. Høyringsnotatet skaper tvil om styret si rolle i forvaltninga av stiftelsen. Etter gjeldande rett er det tydelege forventningar til styret sitt ansvar som øvste organ i stiftelsen, og det må ikkje vere tvil om at styret har ei plikt til å forvalte stiftelsen på best mogleg måte.

Elektronisk oppretting av stiftelsar og elektroniske meldingar

Stiftelsestilsynet støttar forslaget om at stiftelsesdokument og vedtekter skal kunne opprettast elektronisk, då dette vil kunne forenkle opprettinga av ein stiftelse for opprettarane.

Vi støttar også forslaget om at det i utgangspunktet skal vere plikt til elektronisk innsending av søknadar til Stiftelsestilsynet. Allereie i dag mottek vi dei fleste søknadane elektronisk.

Nye krav til stiftelsars namn

Vi støttar fullt ut forslaget om at stiftelsar sitt namn skal innehalde ordet «stiftelse» eller forkortinga «STI». Det er om lag 3250 stiftelsar i dag som ikkje har bokstavkombinasjonen «stift» i seg.

Etter vår meining er det også gode grunnar for å lovfeste at berre rettsdanningar som er stiftelsar, skal kunne bruke ordet stiftelse i namnet sitt. Vi legg derfor fram forslag om dette.

Rapportering om rekneskapsopplysningar

Stiftelsestilsynet ser det som veldig positivt at det no vert foreslått særlege rapporteringskrav om økonomiske forhold som tek omsyn til særtrekka ved stiftelsesforma.

For stiftelsane sjølve, publikum og oss er det viktig å få informasjon om stiftelsane sin aktivitet og økonomiske forhold, og dei alminnelege rekneskapsreglane dekkjer ikkje dette behovet godt nok. Men vi meiner at det må takast omsyn til at rapporteringa ikkje må verte for tyngande for stiftelsane.

Endring av reglane for små stiftelsar

I høyringsnotatet vert det foreslått særskilde reglar for stiftelsar som har som einaste formål å dele ut pengar, og som har ein grunnkapital på mindre enn 500 000 kroner. Vi støttar departementet si oppfatning om at alle stiftelsar, uansett kva særreglar som blir vedtekne, bør vere registrerte i Stiftelsesregisteret.

Vår generelle oppfatning er vidare at ingen stiftelsar bør bli fritekne frå tilsyn. I vårt tilsynsarbeid gjer vi vurderingar utifrå risiko og vesentlegheit. Storleiken på stiftelsar er eit moment i den heilskapsvurderinga vi gjer.

Stiftelsestilsynet er einig i departementet si vurdering av at terskelen i form av krav om minstekapital for å opprette små pengeutdelande stiftelsar, bør aukast. Det må vere den samla eigenkapitalen som er avgjerande, og ikkje kva som er definert som grunnkapital. Kvar den bestemte beløpsgrensa bør gå, vil Stiftelsestilsynet vere forsiktig med å meine noko bastant om.

Det blir også foreslått at Stiftelsestilsynet kan frita små pengeutdelande stiftelsar frå revisjon. Vi har tidlegare tatt til orde for at også andre små stiftelsar bør kunne få fritak frå revisjonsplikta. Dersom det blir opna for dette, er det viktig at eit fritak skal bygge på objektive kriterium, og ikkje eit skjønn frå Stiftelsestilsynets side.

Stiftelsestilsynet sitt høyringssvar kan du lese her.

Nærings- og fiskeridepartementet sitt forslag kan du lese her.