Lotteri- og stiftelsestilsynet har levert høyringsuttale til ny pengespellov.

Kulturdepartementet sendte ny pengespellov på høyring i juni. Forslaget samlar dagens tre lover på pengespelfeltet i ei ny lov. Dagens tre lover er lotterilova, pengespellova og totalisatorlova.

Lotteritilsynet meiner at forslaget til ny felles pengespellov vil legge til rette for ei meir heilskapleg regulering av den norske pengespelmarknaden, og at dette vil sikre ansvarlege pengespel.

Vi er særleg positive til at:

  • Lovforslaget tydeleggjer at hovudformålet med lova er å førebygge speleproblem og andre negative konsekvensar av pengespel, samt å sikre at slike spel skjer på ein ansvarleg måte.
  • Den norske reguleringa blir styrka gjennom nye verkemiddel som vil gje betre kontroll med pengespelmarknaden og sikre eit meir ansvarleg pengespeltilbod i Noreg.
  • Hovudprinsippet om at inntekter frå pengespel skal gå til ikkje- fortenestebaserte formål blir vidareført
  • Ansvaret for pengespelpolitikken blir samla under Kulturdepartementet, tilsyns og forvaltingsrolla til Lotteritilsynet blir styrka, og klagehandsaminga blir samla i eit klageorgan, Lotterinemnda.

Les heile høyringsuttalen frå Lotteri- og stiftelsestilsynet.