Internasjonal bekymring over uklare skilje mellom dataspel og pengespel

Lotteritilsynet har saman med 15 andre internasjonale pengespelmyndigheiter signert ei erklæring for å uttrykke vår felles bekymring for uklare skilje mellom pengespel og dataspel.

Saman oppfordrar vi dataspelbransjen til å gå i dialog med pengespelmyndigheitene når vi ber om det. Behovet for dialog med datspelbransjen har blitt meir relevant med problemstillinga rundt loot boxes det siste året, og fleire land har erfart at bransjen vegrar seg for å ha noko med pengespelmyndigheitene å gjere.

Les meir på UK Gambling Commission si nettside.