Dette skjer etter at Lotteritilsynet varsla om pålegg om stans av det ulovlege tilbodet og truga selskapet og influensarane med tvangsmulkt.
Kapoow og tolv norske influensarar har tilbydd og marknadsført pengespel som har høg risiko for å skape speleproblem, mot unge norske følgarar. Både Kapoow og influensarane fekk varsel om tvangsmulkt onsdag 19. juni. To timar seinare hadde Kapoow stengt ned nettstaden.
– Vi ser svært alvorleg på aktiviteten og varsla derfor om tvangsmulkt til både selskapet og influensarane om dei ikkje stansa det ulovlege tilbodet, seier Lene Knapstad i Lotteritilsynet.
Lokkar med bonusar og gratis spel
Tilsyn vi har hatt med nettstaden Kapoow.com og deira sosiale kanalar på Twitch, YouTube, Discord og Instagram, viste at dei marknadsfører pengespel som ikkje er lovlege i Norge. Dei har brukt norske kjendisar og influensarar i marknadsføringa, og dette blir ekstra alvorleg når vi veit at dei har mange følgarar.
– Dette er ulovleg marknadsføring av høgrisikospel, der dei lokkar med bonusar og gratis spel. Vi er bekymra for at dette kan skape stor skade for unge menneske.
Kapoow.com er ein nettstad som gjennom WeSpin har tilbydd ein form for spelelag, der spelaren kjøper seg inn i kasinospelet som blir spelt og strøyma direkte via Twitch eller YouTube. I tillegg hadde dei ei affiliate-side som vidareformidla lenker til fleire kasinospel, odds og poker.
Selskapet bak Kapoow, Schnellfahrer Marketing Solutions, er etablert på Kypros. Lotteritilsynet varsla selskapet om at dei måtte stanse speltilbod retta mot den norske marknaden, og varsla også om at vi ville ilegge dei tvangsmulkt på 250 000 kroner per dag om det ulovlege tilbodet ikkje stansa.
Norske kjendisar rettar marknadsføringa mot Noreg
Kapoow er etablert på Kypros, men vårt tilsyn viser at det i all hovudsak er norske kjendisar og influensarar som marknadsfører speltilbodet.
Lotteritilsynet har fått fleire tips om den ulovlege marknadsføringa. Influensarane har deltatt i strøyming av pengespel på Twitch og YouTube. Dei har også marknadsført innhald frå Kapoow på sine eigne kanalar på blant anna Snapchat og Instagram.
Desse tolv personane har fått varsel om at Lotteritilsynet vil vedta at dei må stanse det ulovlege tilbodet av pengespel og stanse den ulovlege marknadsføringa av pengespel. Dei har også fått varsel om tvangsmulkt på 6000 kroner per dag. Under kan du lese varsel som er sendt til kvar influensar:
- Varsel om vedtak til Cristian Brennhovd
- Varsel om vedtak til Maria Kollbjørnsdatter Sandberg
- Varsel om vedtak til Even Langås Kvam
- Varsel om vedtak til Karna Venedik Wangberg
- Varsel om vedtak til Bendik Romeo Rognes
- Varsel om vedtak til Britt Robertsen
- Varsel om vedtak til Caroline Heitmann
- Varsel om vedtak til Andreas Lunde Østerøy
- Varsel om vedtak til Silje Marie Edle Reitan
- Varsel om vedtak til Niklas Tangen Klein
- Varsel om vedtak til John Arne Riise
- Varsel om vedtak til Frank Løke