Lotteri- og stiftelsestilsynet er vinnar av Statens klarspråkspris for 2015.
Prisen vart delt ut av Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner på eit frukostseminar i Oslo i dag. Det var direktør Atle Hamar som tok i mot prisen.
Vårt klarspråksarbeid starta i 2011 og er no ein integrert del av måten vi jobbar på. Vi er stolte av å ha fått prisen.
Lenke til juryens grunngjeving på Språkrådet sin nettstad.
Les meir om klarspråksprisen og årets vinnarar på Difi sin nettstad.
Lenke til Kommunal- og moderniseringsdepartementets pressemelding.
Les også vår fagblogg om klarspråksarbeidet i organisasjonen.