Marianne Skjeldestad Hove

Koronaordningane for frivilligheita: Over 23 000 organisasjonar har fått støtte

Vi oppsummerer to år med koronaordningar for frivillige lag og organisasjonar.  

Då Noreg stengde ned 12. mars 2020 mista frivilligheita viktige inntekter over natta. Berre veker etter opna vi for søknadar i den første krisepakken, og dei siste to åra har vi forvalta seks ulike ordningar som skulle hjelpe frivillige lag og organisasjonar gjennom krisa.  

– Arbeidet med desse ordningane går rett inn i kjernen av samfunnsoppdraget vårt, som er å sikre ei sterk frivilligheit. Det er ikkje tvil om at dei siste to åra har vore krevande for frivillige lag og organisasjonar. Inntrykket vårt er at ordningane har hjelpt mange, men det er for tidleg å gje det heile biletet av korleis koronapandemien har påverka den norske frivilligheita, seier Marianne Skjeldestad Hove, avdelingsdirektør for frivilligheitsstøtte.   

Hovudtala ser slik ut:

  • Frivilligheita har mottatt over 3,7 milliardar kroner fordelt på over 23 000 mottakarar.
  • Tildelingane har god geografisk spreiing, og har nådd frå Nordkapp til Lindesnes.
  • Idretten og kunst og kultur er dei største gruppene av mottakarar.
  • 80 prosent av mottakarane har fått tildelt eit beløp på 100 000 kroner eller mindre.

Frivillighetens år

2022 starta med smittevernstiltak, men skulle også bli året Noreg kunne opne opp igjen. 2022 er også året der frivilligheita skal feirast gjennom Frivillighetens år.  

– Vi i Lotteri- og stiftelsestilsynet vil gratulere den norske frivilligheita med Frivillighetens år. Koronatida har illustrert kor viktig frivilligheita er i Noreg. Både gjennom korleis det rammar at mange lag og organisasjonar måtte avlyse aktivitet og arrangement, men også i form av at frivillige har snudd seg raskt rundt og hjelpt andre som var ramma av koronakrisa.  

Frivillighetens år er forankra i regjeringa si Frivilligmelding, og Frivillighet Norge har ansvar for å planlegge og koordinere.  

– Vi oppmodar alle om å vere med å feire frivilligheita, seier Hove.