Kulturdepartementet er klare med forskrifta for arrangement som må korona-avlysast, stengast eller utsetjast. – No jobbar vi med å få søknadssystemet på plass i rekordfart, og vi kjem til å opne for søknader rett etter påske, seier Gunn Merete Paulsen, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Ei rekke arrangement er avlyste eller utsette på grunn av koronaviruset. No er Kulturdepartementet klare med forskrifta for krisepakken til idrett, kultur og frivilligheit. Arrangørar kan få kompensert for tapte billettinntekter, deltakaravgifter og meirutgifter.   

Ordninga Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar gjeld arrangørar innan kultur-, frivillig- og idrettssektoren, som er registrerte i Frivilligregisteret innan 5. mars 2020. Ramma for denne ordninga er på 700 millioner kroner.  

 Noko av det finaste i samfunnet vårt er hardt ramma av korona, og ein viktig del av samfunnsoppdraget vårt er å sikre frivilligheitaNo jobbar vi med å rigge eit stort søknadssystem i rekordfart, seier Paulsen.  

Ordninga gjeld for arrangement som var planlagt arrangerte i perioden frå og med 5. mars og til og med 30. april 2020.  

Vi kjem til å legge ut informasjon og rettleiingar på nettsidene våre før påske, og vi håpar søkarane brukar tida fram til det blir opna for søknader til å sette seg inn i ordninga. Vi skal gjere det vi kan for at informasjon om ordninga er lett tilgjengeleg slik at søknadsprosessen blir så enkel som mogeleg for søkarane. Ordninga skal vere enkel og ubyråkratisk og søknadsskjemaet vil bli enkelt å fylle ut.