Lagmannsretten forkasta anken frå WorldVentures

Borgarting lagmannsrett har konkludert med at WorldVentures dreiv eit ulovleg pyramideliknande omsetningssystem i Norge. Lagmannsretten har derfor i dom av 5. mars 2018 forkasta anken frå WorldVentures.

Stadfester frikjenning

I april 2014 vedtok Lotteritilsynet at alt sal av medlemskap, og av produktet DreamTrips, måtte stoppe fordi drifta var i strid med lotterilova § 16 som forbyr ulovlege pyramider. Dette fordi inntektene til WorldVentures i overvegande grad stamma frå verving av deltakarar i omsetningssystemet og ikkje frå forbruk av varer, tenester eller andre ytingar.

WorldVentures meinte vedtaket var ugyldig og klaga til Lotterinemnda, men fekk ikkje medhald i klagen. WorldVentures saksøkte så staten fordi dei meinte vedtaket til Lotterinemnda var ugyldig.

Oslo tingrett frikjente staten i dom av 27. september 2016 i søksmålet frå WorldVentures.
Det er anken på denne dommen som no er forkasta av lagmannsretten.

Ankefristen for dommen i lagmannsretten er ein månad med tillegg for påske.

Les heile dommen frå Borgarting lagmannsrett.