Etatene åtvarar folk mot å satse eller investere pengar i pyramidespel, investeringsbedrageri og anna svindel.

Illustrasjon pyramidespill.


Typiske produkt desse selskapa påstår at dei sel er investering og aksjer med ekstremt høg avkastning, utdanningspakkar for å lære å bli rik, falsk kryptovaluta, pengespel, billige reiser og rabattkupongar.

Vi meiner det er viktig både å stanse pyramidespel og å stanse og reagere mot gjengangarar som innfører internasjonale pyramidespel i Noreg.

Seniorrådgiver jurist Silje Sægrov Amble i Lotteritilsynet .

Det er straffbart å delta i ulovlige pyramidespel

Det er forbudt å opprette, drive og delta i pyramidespel. Brot på pyramideregelen i lotterilova kan føre til straff i form av bøter eller fengsel.

På Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider kan du teste om selskapet som kontakter deg er eit pyramidespel.

Foto av seniorrådgiver og jurist Silje Sægrov Amble i Lotteritilsynet
Silje Sægrov Amble i Lotteritilsynet.

Pyramidespel er straffbart og er ofte også knytta til anna kriminalitet, som brot på straffereglar om skattesvik, kvitvasking, bedrageri, rekneskaps- og revisjon, samt truslar.

– Dei fleste selskapa vi får henvendingar om tilbyr ein form for investering utan å ha konsesjon til det frå Finanstilsynet, seier Amble.

Finanstilsynet publiserer marknadsåtvaringar om selskap som tilbyr investeringar utan nødvendig godkjenning til å drive med investeringstenester i Noreg. Bankar og finansføretak kan få godkjenning til å drive med investeringsjenester i Noreg, derimot kan ikkje selskap som driv pyramidespel og pyramideliknande omsetningssystem få slik konsesjon.

Økokrim åtvarer spesielt mot investeringsbedrageri og pyramidespel i sine årlege trusselvurderingar om kriminalitet.

Statsadvokat Elisabeth Frankrig i Økokrim.
Elisabeth Frankrig i Økokrim.

Involvering i pyramidespel og utbyte fra desse kan føre til strenge straffer, sjølv om du ikkje har vore klar over kor pengane kjem frå. Det er tilstrekkeleg at du har vore uaktsom. Det vil seie at du kan straffast dersom du kan skuldast for ikkje å ha opptrådt forsvarleg.

Statsadvokat Elisabeth Frankrig i Økokrim.