Mange spørsmål frå publikum

Lotteritilsynet har fått mange tips og spørsmål frå publikum om Lyoness er eit pyramidespel. På bakgrunn av dette har vi funne grunnlag for å skrive til selskapet og be dei gjere greie for verksemda som dei driv i Norge.

Ber om opplysningar

Den 6. april 2017 sende Lotteritilsynet brev til Lyoness Norway AS der vi ba dei om å gjere greie for deler av verksemda i Norge. Lotteritilsynet fekk svar frå selskapet den 30. mai 2017. Lotteritilsynet ser no behovet for å be om meir opplysningar og sende 14. juli 2017 brev til selskapet om dette.

Lyoness har fått frist til 15. august 2017 for å svare.

Lotteritilsynet vil først kunne uttale seg om vidare behandling av denne saka når vi har fått svar frå Lyoness.