Krav om dokumentasjon

Lotteritilsynet krev i brev av 06.10.2017 at selskapa Lyoness Norway AS og Lyoness Europe AG dokumenterer at inntektene selskapa har hatt i Norge kjem frå sal eller forbruk av varer, tenester eller andre ytingar, og ikkje frå verving av andre til systemet. Les heile brevet her.

Bakgrunnen for kravet om dokumentasjon er at Lotteritilsynet vil vurdere om Lyoness er eit pyramideliknande omsetningsystem.

Mange spørsmål frå publikum

Lotteritilsynet får dagleg spørsmål og tips om desse selskapa frå publikum. Vi har hatt dialog med selskapet om dette sidan april 2017.
Du kan be om innsyn i svarbreva frå Lyoness via vår postjournal.

Vår vidare handsaming av saka er avhengig av kva dokumentasjon Lyoness legg fram.
Lyoness har fått utsett fristen med ei veke, til 10. november 2017, for å svare.