Lotteritilsynet har konkludert med at Lyoness er eit ulovleg pyramideliknande omsetingssystem.

Lotteritilsynet har den 31. mai 2018 fatta vedtak om at Lyoness utan opphald må stanse all drift av, deltaking i og utbreiing av verksemda i Norge då verksemda er eit ulovleg pyramideliknande omsettingssystem.

Må stanse all ulovleg verksemd i Norge

Vedtaket inneber at all verving og alle innbetalingar frå norske deltakarar og lojalitetsbedrifter til Lyoness, Lyconet, Cashback World og myWorld må stanse. Mellom anna må alt sal av rabattkupongar, del i kundeskyer, gåvekort, marknadsføringsmateriell og seminar stanse. Lotteritilsynet har under tvil gitt ein del av vedtaket utsett iverksetting fram til klagefristen på tre veker går ut. Fram til klagefristen går ut kan eksisterande deltakarar bruke fordelskortet hos eksisterande lojalitetsbedrifter og få utbetalt rabatt på bakgrunn av denne handelen.

Vedtaket er retta mot myWorld Norway AS (tidlegare Lyoness Norway AS) og Lyoness Europe AG, men vil også ramme omlag 152 500 norske deltakarar og 1000 norske lojalitetsbedrifter som inngår i omsetningssystemet.

Heile vedtaket kan du lese her. Lyoness har frist på tre veker til å klage på vedtaket.

Lotteritilsynet ber deltakarar som har spørsmål om kva vedtaket inneber for dei og kva som skjer med pengane dei har betalt, om å ta kontakt med Lyoness.

Pyramideliknande omsetningssystem

I Norge er det forbode å opprette, drive, delta i eller gjere kjent ulovlege pyramidespel og pyramideliknande omsetningssystem.

Lotteritilsynet har i vedtaket konkludert med at Lyoness er eit ulovleg pyramideliknande omsetningssystem. Konklusjonen bygger på følgande vurdering:

  • Inntektene til Lyoness i Norge kjem i hovudsak frå verving av deltakarar, og ikkje sal eller forbruk av varer, tenester eller andre ytingar.
  • Deltakarar i Lyoness som kjøper rabattkupongar, del i kundeskyer, gåvekort, marknadsføringsmateriell og seminar frå Lyoness, mottar ikkje varer, tenester eller andre ytingar som motsvarer verdien av det som er betalt. Kjøpa er i realiteten å sjå som vederlag for å få deltakarstatus.
  • Lyoness har ikkje dokumentert at verksemdas inntekter særleg skuldast sal eller forbruk av varer, tenester eller andre ytingar, og ikkje at andre blir verva til systemet jf. lotterilova§ 16 tredje ledd.

Les heile vedtaket her.

Brief summary of the decision in english.