Lotteri- og stiftelsestilsynet har bedt om at Spilleautomater.com stoppar marknadsføring og formidling av sine pengespel i Norge. Det same gjeld marknadsføringa gjennom det som spelselskapet kaller Folkeandelen. Vi undersøkjer også om opplysningar gitt under oppretting av Stiftelsen Folkeandelen er rett.
Spilleautomater.com har ikkje løyve til å tilby eller marknadsføre pengespel her i landet. Gjennom Folkeandelen blir norske lag og foreiningar ivitert til å hente inntekter frå selskapets nettspel. Lotteritilsynet har bedt om at marknadsføringa og formidlinga av Spilleautomater.com gjennom Folkeandelen også blir stoppa.
Futsalforbundet involvert
Mange futsalklubber er blant foreiningane som mottar pengar gjennom Folkeandelen. Futsalforbundet har marknadsført Spilleautomater.com på sine nettsider og marknadsfører no Folkeandelen. Lotteritilsynet har difor bedt om at Futsalforbundet stopper den ulovlige marknadsføringa på sine nettsider. Saka er ikkje avslutta.
Det er selskapet PlayCherry som eig Spilleautomater.com. Selskapet har svart Lotteritilsynet gjennom advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiig. Her går det fram at Spilleaotomater.com ikkje lenger vil rette direkte aktive henvedelsar mot norske foreiningar med invitasjon om å delta i Folkeandelen. Samtidig avviser PlayCherry at selskapet driv ulovleg marknadsføring og formidling av spel retta mot Norge gjennom Folkeandelen.
Spela retta mot Norge
Lotteritilsynet meiner det er ei rekke tilhøve som viser at spela er rettet mot Norge, blant anna har spelsida norsk namn og omtaler seg som «ditt norske kasino». Spelsida har også ein eigen representant i Norge.
Dei ansvarlige bak Spilleautomater.com vart også i 2014 og 2015 bedt om å stoppe ulovleg marknadsføring av sine pengespel. I tillegg blei selskapet bedt om å stoppe ulovleg postreklame retta mot nordmenn.
Også Futsalforbundet har tidligare fått pålegg om å stoppe ulovleg marknadsføring av pengespel. Det skjedde i 2012 då selskapet marknadsførte ei nettside som tilbydde automatspel.
Vi åtvarar mot å samarbeide med Folkeandelen
Vi vil med bakgrunn i dette åtvare både spelarar og frivillige lag og organisasjonar mot å samarbeide med Folkeandelen. Samarbeid her betyr å bidra til ulovlag marknadsføring og formidling av pengespel frå eit spelselskap som ikkje har lov til å operere i Norge. Vi ser svært alvorleg på at spelselskapet her forsøker å undergrave føremålet med den norske reguleringa som er å sikre ein ansvarleg og kontrollert lotteri- og pengespillmarknad.
I Norge er det kun Norsk Tipping og Norsk Rikstoto som har løyve til å tilby pengespel på nett.