Fristen for å levere innspel til Handlingsplan mot speleproblem 2026-2029 gikk ut fredag 25.april.

Lotteritilsynet, Medietilsynet og Helsedirektoratet er i gang med å utarbeide forslag til ny handlingsplan mot speleproblem for perioden frå 2026 til 2029.

Uendra mål

Handlingsplanen vil ha same tre hovedmål som gjeldande plan:   

  • Det første er at færrast mogeleg skal ha problem med spel.
  • Det andre målet gjeld kunnskap og deling av kunnskap.  
  • Det tredje målet rettar seg mot lågterskeltilbod og behandling.   

Dette har vi bede om innspel på

Aktørane har blitt bedne om å komme med innspel på følgjande område:

  • Kva målgrupper som bør prioriterast (utsette)
  • Innspel på konkrete førebyggingstiltak
  • Behov for forsking og kunnskap om speleatferd og speleproblem
  • Innspel på særskilde problemstillingar / tiltak knytt til lågterskeltilbod og behandling

Alle aktørane har også vore oppmoda om å gi andre innspel som dei meiner er relevante for den kommande handlingsplanen.

Det er ei føring for arbeidet at utkastet til ny plan ikkje skal innehalde regulatoriske tiltak.

Les alle innspela

Her kan du lese alle innspela Helsedirektoratet har mottatt:

Les innspela Medietilsynet har mottatt:

Lotteritilsynet har mottatt følgjande innspel: