Fristen for å søkje om kompensasjon for utgifter til meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg var 1. mars. Lotteri- og stiftelsestilsynet fekk inn 512 søknader, mot 419 i fjor.
Full kompensasjon i år
Alle som har fått godkjent søknaden får utbetalt det beløpet dei har søkt om, og det betyr at det blir full kompensasjon i år.
Fleire søknader – lågare søknadsbeløp
Det kom inn fleire søknader i år, men det totale godkjende søknadsbeløpet er lågare enn i fjor. I alt 459 søknader er godkjende, og godkjent søknadsbeløp er til saman 169 302 568 kroner. Tilsvarande tal i fjor var 396 søknader og 191 862 328 kroner. I 2017 er 33 søknader avviste, og det var 20 trekte søknader.
Samla totalkostnad på anlegga er i år på 1,3 milliardar kroner, mot vel 1,2 milliardar kroner i fjor.
Utbetaling i juni
Det var ikkje behov for ekstraløyving i år sidan det godkjende søknadsbeløpet er mindre enn bevilga råme. Utbetaling skjer i midten av juni.