Fristen for å søkje om meirverdikompensasjon ved bygging av idrettsanlegg vart flytta fram i år, og gjekk ut 1. mars. Lotteri- og stiftelsestilsynet har fått 410 søknader med eit reelt søknadsbeløp på ca. 200 millionar kroner.

Litt færre søknader i år

Det er 41 færre søknader i år, men søknadsbeløpet er likevel høgare enn i 2015. Totalkostnadane på dei omsøkte anlegga er på vel 1,2 milliardar kroner.

Sjå oversikt søkjarar og søknadsbeløp pr. mars 2016

I 2016 er det løyvd 143 millionar kroner til meirverdikompensasjon ved bygging av idrettsanlegg. Endeleg godkjent søknadsbeløp og eventuell avkorting vert klart før sommarferien, etter at saksbehandlinga er ferdig.