Det blir gitt full kompensasjon til idrettsanlegg i 2020. Sjå oversikt over kven som har søkt og kva dei har fått i kompensasjon.

I år fekk Lotteri- og stiftelsestilsynet 535 søknader om kompensasjon for utgifter til meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg.

Full kompensasjon

Samla godkjent søknadsbeløp var på 289 558 836 kroner, og det vart full kompensasjon i 2020. Det betyr at alle som fekk godkjent søknaden fekk utbetalt beløpet det var søkt om.
Av 535 søknader vart 502 godkjent, 2 avslått, 3 avvist og 28 vart trekte.

– Bygging av idrettsanlegg gir auka idrettsaktivitet over heile landet. Regjeringa ønsker å sikre gode rammevilkår for idrettslag og foreiningar som bygger anlegg. Kompensasjonsordninga har mykje å seie for desse laga. Difor er eg glad for at vi også i dette krevjande året kan gi full momskompensasjon, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

I fjor vart 517 av 538 søknader godkjent, og det godkjende søknadsbeløpet var til saman 271 293 857 kroner.

Under ser du utviklinga for momskompensasjon til idrettsanlegg dei siste ti åra.

Søknader og søknadsbeløp

Fristen for å søke om kompensasjon for utgifter til meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg var 1. mars.