Lotteri- og stiftelsestilsynet har opna for søknader. Frivillige lag og organisasjonar kan no søke om å få dekka tapte inntekter frå 12. mars og ut 2020.

Krisepakke 3 skal kompensere frivillige lag og organisasjoner som har betydelege inntektsbortfall på grunn av covid-19. Frivilligheita kan søke om kompensasjon for tapte inntekter frå arrangementer eller anna spesifisert aktivitet som heilt eller delvis har blitt avlyst, stengt eller utsatt som følge av pålegg eller råd fra myndigheitene i samband med koronaviruset.

Ordninga gjeld for perioden 12.mars til 31.desember, og er ei forlenging av krisepakke 2, som gjaldt i perioden 12.mars til 31.august. 

-I krisepakke 2 vart det søkt om støtte til nesten 26 000 arrangement og aktiviteter. Vi forventar mange søknader også i denne runda, og vil gjere det vi kan for at frivilligheita skal få hjelp så raskt som mogleg, seier Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Puljevis utbetaling

Fristen for å søke på ordninga er 15. januar 2021.

-Vi kjem til å betale ut puljevis på same måte som vi gjorde i krisepakke 2.

Organisasjonene kan få kompensert inntil 70 prosent, bortsett fra de som har helt avlyst, stengt eller utsatt i perioden 1. november- 31. desember. Desse kan få kompensert inntil 50 prosent av godkjent søknadsbeløp.

-Dette er ei tillitsbasert ordning. Det betyr at søkarane må sette seg godt inn i ordninga før dei søker. Det ligg mye informasjon på nettsidene våre, både om kven som kan søke, kva det kan søkast om og korleis du søker, seier Hamar.