Lotteritilsynet oppretta i 2016 ei nasjonal kampfiksingseining som skal kartlegge omfanget, førebyggje og motarbeide manipulering av idrettskonkurransar. Eininga har no inngått ei avtale med Sportradar, som overvakar over 550 speloperatørar og sit på store mengder relevante data.
Samarbeid med Sportsradar
– Vi er no i ei fase der vi skal få dei siste bitane på plass av ulike system, prosessar og relasjonar for å ha eit godt forsvar mot manipulering av idrettskonkurransar. Sportradars verkty og kompetanse blir ein viktig del av vårt arbeid og vi ser fram til samarbeidet, seier seniorrådgjevar i kampfiksingseininga Henrik Nordal.