Frivillige lag og organisasjonar kan no søke om momskompensasjon. Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1, 685 milliarder kroner i 2020.
Ordninga skal fremje frivilleg aktivitet gjennom å kompansere for kostnader som frivillige lag og organisasjonar har hatt til meirverdiavgift for varer og tenester i 2019. I fjor deltok nærare 22 000 organisasjonar i ordninga.
Søknadsfristen er 1. september. Organisasjonar som er knytt til eit sentralledd må sende søknaden via sentralleddet og dei har ofte tidlegare søknadsfrist.
Nytt søknadsskjema
– Frå i år skal alle søknader gå via vårt nye og forenkla elektroniske søknadsskjema. Dette gjer det enklare for brukarane å søke og meir effektivt for oss i saksbehandlinga, seier avdelingsdirektør Henrik Nordal i Lotteritilsynet.
Søknadsprosessen for momskompensasjon i 2020 er elles lagt opp som vanleg. Det er ikkje vedtatt endringar av fristar som gjeld generalforsamling, årsmøte eller årsrekneskap som følgje av korona-pandemien.
– Men situasjonen blir vurdert fortløpende, så følg med på nettsidene våre for eventuelle endringar, seier Nordal.
Dei som kan søke på ordninga må vere registrert i Frivilligregisteret.