– Dei har bevisst sett til side absolutte lovkrav som skal gjere dei i stand til å avdekke og hindre kvitvasking. Når dei ikkje har gode nok system aukar risikoen for at dei skal bli utnytta til kvitvasking av pengar, seier Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.  

Pengespel kan brukast til kvitvasking og økonomisk kriminalitet. Derfor skal aktørar som Norsk Rikstoto ha system for å identifisere risikoar, ha oversikt over og følge opp kundeforhold, overvake transaksjonar og rapportere mistenkeleg aktivitet til Økokrim.    

– Norsk Rikstoto har lempa på absolutte lovkrav, og det har skapt følgefeil som har ført til enda fleire lovbrot.  

Etter tilsyn har Lotteritilsynet funne seks brot på kvitvaskingslova. No er Norsk Rikstoto varsla om lovbrotsgebyr på inntil 2 millionar, samt tvangsmulkt på til saman 50 000 kroner per dag til avvik er retta opp.  

– Kvitvasking er eit alvorleg samfunnsproblem. Vi forventar at ein einerettsaktør med over 170 000 spelarar følger lova og har betre kontroll på korleis dei skal avdekke og hindre kvitvasking av pengar, seier Hamar.  

Les tilsynsrapporten frå Lotteritilsynet (PDF).

Les varsel om lovbrotsgebyr og tvangsmulkt (PDF).

6 lovbrot

Lotteritilsynet har tilsyn med systema til Norsk Rikstoto, og om dei er gode nok til å førebygge og avdekke kvitvasking. Vi har ikkje tilsyn med om det har skjedd kvitvasking.  

Lovbrota er knytt til:  

Manglande risikobaserte kundetiltak 

Norsk Rikstoto skal vite nok om dei som blir kundar til å vurdere risiko og etablere riktige tiltak, men dei har bevisst valt å ikkje gjere det når det blir inngått nye kundeforhold. Når dei ikkje har dette på plass påverkar det sannsynet for å reagere med riktige tiltak på riktig tidspunkt. Dei har heller ikkje periodisk oppfølging av kundeforholda. 

Handtering av kundar som er politisk eksponerte personar (PEP) 

Politisk eksponerte personar (PEP) er ekstra utsette for korrupsjon, og skal ha eigne kundetiltak. Berre 15 av 390 slike kundar har det. Sjølv om dette er eit absolutt lovkrav har Norsk Rikstoto innført sin eigen praksis.  

Risikovurderinga er ikkje god nok 

Norsk Rikstoto skal identifisere risikoar for kvitvasking og terrorfinansiering og korleis spela deira kan brukast til det. 

Tapte kundedata 

Norsk Rikstoto har tapt delar av kundedata dei har plikt til å lagre i fem år. Dette lovbrotet gir ikkje tvangsmulkt, men lovbrotsgebyr. 

Norsk Rikstoto har tre veker på seg til å svare på varselet, før Lotteritilsynet fattar vedtak.