Lotteritilsynet har konkludert med at feilen er eit brot på pengespellova.  

27. juni fekk fleire tusen spelarar feilaktig varsel om at dei hadde vunne høge premiar i Eurojackpot. Det var rundt 47 000 norske vinnarar, og ca. 30 000 av dei fekk SMS eller pushvarsel om feil gevinst. Årsaka var ein feil i koden som reknar om til norske kroner. 

– Norsk Tipping har brote pengespellova. Folk skal kunne ha tillit til spela til deira. At fleire tusen spelarar får varsel om for høg gevinst er heilt klart skadeleg for tilliten, seier Anya Therese Markhus, seniorrådgivar i Lotteritilsynet.

Ifølge pengespellova skal tilbydarar av pengespel gjennomføre dei på ein redeleg måte som er eigna til å vinne ålmenta sin tillit.

Mange spelarar tar kontakt 

Mange spelarar tar kontakt med Lotteritilsynet om rettar eller klager knytt til saka. Spelarar som har spørsmål om det må kontakte Norsk Tipping

Klage eller andre privatrettslige forhold er regulerte i kundevilkåra og spelereglane til Norsk Tipping.

Dersom du meiner at Norsk Tipping ikkje oppfyller gjeldande forbrukarrettar, kan du klage til Forbrukartilsynet.