Lotteritilsynet meiner det kan vere grunnlag for å pålegge Norsk Tipping å redusere kostnadane til marknadsføring med minimum 20 prosent i frå 2022 til 2023 etter bortfallet av ulovleg pengespelreklame på TV.

– Vi har sendt varsel om dette til selskapet som får høve til å gjere greie for sitt syn på saka før Lotteritilsynet eventuelt gir eit slikt pålegg, seier avdelingsdirektør Henrik Nordal.

Lotteritilsynet si vurdering er at Norsk Tipping har sett i verk fleire tiltak for å tilpasse si marknadsføring etter bortfallet av den ulovlege pengespelreklamen på TV.

– Likevel meiner vi at selskapet må gjere meir for å tilpasse seg den nye situasjonen i marknaden.

Det blei ein markant nedgang i marknadsføringstrykket for pengespel då den ulovlege pengespelreklamen på TV forsvann. Denne reduksjonen må vi også sjå igjen hos Norsk Tipping for at deira marknadsføringa skal vere i tråd med regelverket.  

Mindre pengespelreklame vil førebygge pengespelproblem. Derfor har vi eit regelverk som seier at marknadsføringa frå Norsk Tipping skal vere strengt avgrensa til det som er nødvendig for å informere om speletilbodet og leie spelelysta i samfunnet til ansvarlege og trygge pengespel.

-Dette inneber at Norsk Tipping må tilpasse si samla marknadsføring etter marknadsføringstrykket dei møter frå aktørar som retter si marknadsføring mot den norske marknaden utan løyve, seier Nordal.   

Norsk Tipping har svarfrist 25. mai 2023 om dei har innvendingar mot vedtaket vi no varslar om, eller grunnlaget for vedtaket. 

Les varselet her (PDF).

Bakgrunn for saka

Den 1. januar 2021 kom det ein ny regel i kringkastingslova som gjer det mogleg for Medietilsynet å pålegge norske distributørar å hindre tilgangen til å marknadsføre ulovlege pengespel på TV. Som følgje av dette stoppa Nent Group (Viasat Group) som står bak TV3, TV6 og Viasat 4 å sende slik reklame frå 1. januar 2021.  

Den 30. mars 2022 fekk TV distributørane Telenor, Telia, Altibox, RiksTV og Allente, pålegg frå Medietilsynet om å stanse marknadsføringa av ulovlege pengespel på Discovery sine sendingar.  Som ein konsekvens av dette stoppa Discovery sine sendingar av ulovleg pengespelreklame frå 15. august 2022. 

Lotteritilsynet bad Norsk Tipping 23. august 2022 om ein tiltaksplan som viste konkrete tiltak og endringar i marknadsaktivitetar, som følge av stans i ulovleg pengespelreklame på TV.  

Frå  25. august 2022  har Lotteritilsynet ført tilsyn med korleis Norsk Tipping har tilpassa marknadsføringa, etter at den ulovlege pengespelreklamen på TV vart tatt vekk.