– Lotteritilsynet er fornøgde med at begge pengespeltilbydarane har landa prosessen med å få redusert marknadsføringstrykket. Reklame og marknadsføring for pengespel er skadeleg for dei som har problem med pengespel, seier Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet. 

Dei to einerettsaktørane følger dermed Lotteritilsynets pålegg om å redusere kostnadane i marknadsføringa. Norsk Tipping skal kutte med minst 45 millionar kroner frå 2022 til 2023, og Norsk Rikstoto skal kutte nær 3,4 millionar kroner.

Ulovleg pengespelreklame er fjerna

Pålegget om å kutte marknadsføringa skjer som følge av at reklamen frå ulovlige pengespel er borte frå norske tv-skjermar.

-Etter norsk lov kan pengespel berre marknadsførast så langt det er nødvendig for å informere om speltilbodet og lede spelelysta i samfunnet til ansvarlege og trygge pengespel, seier Hamar.

Lotteritilsynet varsla einerettsaktørane i august i fjor om at dei måtte gjere tiltak for å redusere reklametrykket. Dette har selskapa no tatt til følge.

Konkurranse frå ulovlege påvirkar reduksjonen

Norsk Rikstoto må redusere mindre enn Norsk Tipping mellom anna fordi konkurransen om spela til selskapa møter ulik konkurranse frå dei ulovlege aktørane.

-Dei ulovlege tilbydarane sine spel på hest med faste odds er ikkje i direkte konkurranse med spela til Norsk Rikstoto. Likevel har vi sett at slike spel har vore marknadsførte frå dei ulovlege aktørane for å lokke nordmenn til eit ulovleg kasinotilbod, seier Hamar.

Kor mykje selskapa reduserer er avhengig av grunnlaget. Norsk Rikstoto skal redusere med 5,2 prosent av eit berekningsgrunnlag på 64,5 millionar kroner, mens Norsk Tipping skal redusere med 20 prosent av 227,5 millionar kroner.

Selskapa må gjennomføre reduksjonen innan 30. juni 2024.