Ein feil i supertrekninga 19. april førte til 52 feil vinnarar av millionpremiar. I september varsla Lotteritilsynet om inntil 25 millionar i gebyr, og no er gebyret vedtatt.
– Spelarane skal kunne ha tillit til at trekningane til Norsk Tipping er korrekte. Dette er heilt grunnleggande, og derfor er dette ei alvorleg sak, seier Tore Bell, avdelingsdirektør i Lotteritilsynet.
Ein teknisk feil førte til at spelarar som leverte spel i andelsbank rundt jul og nyttår blei sletta, og dermed ikkje med i trekninga 19. april. Det gjorde at trekninga ikkje blei gjennomført med korrekt trekningsgrunnlag, og det blei trekt 52 feil vinnarar av millionpremiar.
I september varsla Lotteritilsynet eit lovbrotsgebyr på 25 millionar for feilen, og no er gebyret vedtatt.
Norsk Tipping har betalt tilbake innsatsen til spelarane som ikkje var med i trekninga.
Lotteritilsynet fekk forsikringar
Feilen i Supertrekninga 19. april skjedde etter at det var oppdaga fleire andre feil.
– Det er grovt aktlaust at Norsk Tipping ikkje kontrollerte at alle spelarane som hadde levert spel var med i trekninga, når dei visste at det hadde vore alvorlege feil i trekningsgrunnlaget over lang tid, seier Bell.
Lotteritilsynet vurderte å stoppe trekninga 19. april, på grunn av mistanke om at det kunne finnast fleire feil som påvirka trekninga. Men Norsk Tipping forsikra om at trekninga skulle gå rett for seg.
– Vi kan stoppe spelet om det ikkje blir gjennomført på rett måte. Det vurderte vi i denne saka, men vi fekk fleire garantiar om at trekninga ville gå rett for seg. Då er det uakseptabelt at det likevel var feil i trekninga.
Nokre dagar etter trekninga rapporterte Norsk Tipping at supertrekninga var gjennomført med korrekt trekningsgrunnlag og korrekte vinnarsjansar.
Over 100 millionar i samla gebyr
Gebyret Lotteritilsynet no ilegg Norsk Tipping er det femte på litt over eitt år, og Norsk Tipping har fått over 100 millionar i gebyr.
- I fjor fekk ein spelar ved ein feil utbetalt 25 millionar kroner frå kasinospelet KongKasino. Lotteritilsynet vedtok eit lovbrotsgebyr på 4,5 millionar kroner. Lotterinemnda nedjusterte gebyret til 2,5 millionar kroner etter klage frå Norsk Tipping.
- Spelarar på iPhone/iPad fekk ikkje stenge seg ute frå Norsk Tipping sine spel i fire månadar i fjor. Dette blei ikkje oppdaga før ein spelar meldte frå. Lotteritilsynet vedtok eit lovbrotsgebyr på 36 millionar kroner.
- Alvorlege trekningsfeil i den norske millionpremien i Eurojackpot og supertrekninga i Lotto har ført til at spelarar i andelslag, andelsbank og spelelag har hatt større vinnarsjanse over fleire år. Feilen har ført til at det har vore feil vinnar i kvar einaste trekning i fleire år. Lotteritilsynet vedtok eit lovbrotsgebyr på 46 millionar kroner.
- I juni fekk fleire tusen spelarar melding om for høge premiar. Lotteritilsynet vedtok eit lovbrotsgebyr på 10 millionar kroner.
Lotteritilsynet er i gong med eit stort tilsyn med Lotto, Eurojackpot og Vikinglotto.