Norske bankar må stoppe transaksjonar frå utanlandske spelselskap

Lotteritilsynet har sendt vedtak til norske bankar om å stoppe betalingstransaksjonar til og frå utanlandske pengespelselskap på nett. Berre i januar og februar i år var volumet på desse transaksjonane på over 500 millionar kroner.

Ulovleg å formidle pengar

Norske bankar og andre finansinstitusjonar har ikkje lov til å formidle pengar til og frå utanlandske pengespelaktørar utan lisens i Norge. Dei fleste utanlandske spelselskapa omgår forbodet ved å nytte betalingsløysingar der transaksjonane går via ein betalingsformidlar. Det gjer det vanskeleg for bankane å fange opp transaksjonane. Lotteritilsynet har gjennomført tilsyn med forbodet og funne fleire kontonummer som tilhøyrer utanlandske selskap som gjennomfører betalingsformidling på vegne av utanlandske spelselskap.

Vi har no sendt vedtak til norske bankar om å avvise betalingstransaksjonar på desse kontoane. Vedtaket trer i kraft 24.april, når klagefristen er gått ut.

– Dette er ledd i eit strategisk og langsiktig arbeid over fleire år. Både dei utanlandske spelselskapa og betalingsformidlarane har i fleire omgangar fått brev frå oss med informasjon om forbodet. Vi har informert om at dette kan skje dersom dei ikkje rettar seg etter våre krav, seier avdelingsdirektør Linda Vøllestad Westbye i Lotteritilsynet.

Konsekvensar for dei som spelar

Vedtaket kan føre til at dei som har spelt på utanlandske nettspel i ein periode opplever problem med å få utbetalt gevinstane sine.

–  Lotteritilsynets oppgåve er å verne dei med speleproblem. Utanlandske spelselskap har ikkje lov til å tilby og marknadsføre sine spel til nordmenn, skal vi klare å stoppe utanlandske pengespelselskap si verksemd i Norge, kjem vi ikkje utanom å ramme utbetalingar til norske kundar. Nordmenn må vere klar over risikoen ved å spele hos selskap som ikkje har løyve i Norge, seier Vøllestad Westbye.

Les vedtaket sendt til norske bankar.