Pressebilde av avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet, Siw Heggedal Longvastøl
– Undersøkinga viser kor viktige stiftelsane er i det norske samfunnet, seier Siw Heggedal Longvastøl i Stiftelsestilsynet. Foto: Dagrun Reiakvam

Desse stiftelsane står for anslagsvis 17.000 aktivitetar i året og gir 2,5 milliardar kroner i gåver til sosial inkludering.

Slik når dei ut til tusenvis av barn og unge med risiko for å bli ståande utanfor samfunnet.

Det viser ei ny kartlegging Menon Economics har gjort på oppdrag frå Stiftelsestilsynet. Den nye undersøkinga gir eit heilskapleg bilde av innsatsen frå norske stiftelsar på området.

– Det er viktig å få talfesta nokre av desse verdiane slik at stiftelsane sin innsats vert meir synleg , seier Siw Heggedal Longvastøl som er avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet.

Totalt er det rundt 6300 stiftelsar i Norge. Dei deler ut pengar, har aktivitetar og tilbyr tenester. Den nye kartlegginga viser at rundt 43 prosent av stiftelsane, store og små, jobbar med sosial inkludering.

Stiftelsane bidrar for eksempel gjennom at dei lagar arrangement og sosiale møteplassar, gjennom utdeling av midlar, gratis eller rabattert pris på aktivitetar eller utstyr, eller gjennom arbeidstrening.

Hovudfunna i rapporten
  • Stiftelsane gjer ein betydeleg innsats for å bidra til sosial inkludering.
  • Stiftelsar rettar seg mot eit mangfald av målgrupper med risiko for utanforskap.
  • Stiftelsar leverer tenester og dekker behov som ikkje blir dekka av det offentlege.
  • Målgruppa ville ikkje nødvendigvis hatt noko tilsvarande alternativ utan stiftelsane.
  • Stiftelsane kan ha ei viktig rolle også framover.

I rapporten konkluderer Menon med at stiftelsar er ein sentral bidragsytar for å redusere samfunnsøkonomiske kostnadar av marginalisering eller utanforskap.

– Det er stor breidde og variasjon i det stiftelsane bidrar med. Stiftelsane ser ut til å ta ansvar der dei ser konkrete udekka behov eller ved at dei har løysingar som ikkje andre tilbyr på same måten, seier Longvastøl.

– Gir ikkje karakter, vi bygger karakter

Ein av stiftelsane som jobbar mot utanforskap er Dale Oen Experience. Stiftelsen blei etablert få dagar etter at symjaren Alexander Dale Oen brått døydde i 2012, og har til formål å gjennomføre planen brørne Robin og Alexander Dale Oen hadde:

– Det er arven etter Alex. Vi ville gjere ein forskjell. Vi vil gi barn og unge ei moglegheit til å oppleve meistring, sprenge grenser og bygge sjølvtillit, seier Robin Dale Oen som er opprettar og dagleg leiar i stiftelsen.

Robin Dale Oen brenn for å gjere ein forskjell for ungdommane han møter . – Dei er verkeleg heilt fantastiske å jobbe med. Det er mykje anna vi kunne gjort for å bli rike, men det er ikkje det det handlar om. Det vi opplever i kvardagen kan ikkje målast i kroner og ører. Foto: Dale Oen Experience

Dale Oen Academy er eit heildagstilbod for ungdom mellom 15 og 20 år som opplever skulen som utfordrande fagleg eller sosialt, eller begge deler.

– Dei som kjem hit er jenter eller gutar som har mista motivasjonen på skulen, som har falle ifrå eller som av ulike årsaker ikkje har orka å begynne på vidaregåande. Nokre er rett og slett berre skuleleie, fortel Dale Oen.

Akademia held til i Øygarden, Oslo og Ålesund og når ut til 36 elevar årleg. Opplegget er forankra i elleve karakterbyggande ferdigheiter, og ein eigenutvikla metodikk basert på forsking, fortel Dale Oen. Dei brukar natur, realfag og teknologi som verkemiddel i arbeidet.

Vi gjer ikkje ein aktivitet for aktivitetens skuld, men for å bygge karakter, for å bygge menneske

Robin Dale Oen

Hos Dale Oen Academy jobbar pedagogane tett på ungdommane, med individuell oppfølging over lang tid. Det meiner Robin Dale Oen er avgjerande for suksessen.

– Det er gode vaksne med høg kompetanse og nok tid til den enkelte. Vi har fokus på gruppedynamikken og å høyre til. Og vi stiller høge krav til deltakarane. Vi kallar det «tough love», og ungdommane elskar at det blir sett høge krav. Det er hardt å endre seg, å dele og å vere ein del av ting – men slik er livet, seier Dale Oen.

Behov som ikkje blir dekka av det offentlege

Kartlegginga frå Menon viser at bidraget frå stiftelsane supplerer dei offentlege velferdstenestene på ulike måtar. Ifølge rapporten tilbyr 31 prosent av stiftelsane tenester som det offentlege verken tilbyr eller finansierer.

I undersøkinga blei stiftelsane spurt kva dei trur ville ha skjedd dersom stiftelsen blei lagt ned eller aktiviteten fall bort. Der svarer over 50 prosent at målgruppa ikkje ville hatt noko tilsvarande tilbod. Berre 8 prosent seier at det offentlege ville ha tilbydd målgruppa noko tilsvarande viss stiftelsen blei lagt ned.

– Det viser kor viktige stiftelsar er i det norske samfunnet, seier Longvastøl.

– Målet vårt er å bygge robust ungdom, som kjenner styrkane sine og brukar dei til det beste for seg sjølv og andre, seier Robin Dale Oen. Kvart år deltar 36 ungdommar på akademia deira. Foto: Dale Oen Experience

Når det gjeld Dale Oen Academy er folkehøgskular det mest tilsvarande tilbodet. I rapporten blir det peika på at ei rekke forhold skil akademiet frå folkehøgskular. og at dei slik utfyller det eksisterande tilbodet.

– I stiftelsens fråvær ville truleg eit fåtal reist på folkehøgskule, mens andre ville ikkje ha engasjert seg i andre tilbod, heiter det i rapporten.

Stiftelsen: – Verkeleg livsendringar

Robin Dale Oen er oppteken av at stiftelsen ikkje er ein konkurrent til det offentlege.

– Vi jobbar for at ungdommane skal komme seg tilbake på offentleg skule og etter kvart inn i arbeidslivet, seier han.

Erfaringane deira er at ungdommane som gjennomfører programmet opplever ei rekke positive effektar.

– Det er verkeleg livsendringar. Vi ser at ungdommane oppdagar kvalitetar hos seg sjølv. At dei opplever meistring, får meir tru på framtida og set seg mål. Når dei kjem til oss har dei ofte lite struktur i kvardagen, så endrar dette seg og dei får ein meir meiningsfylt kvardag. Dei blir gode borgarar som verkeleg bidreg til fellesskapen i Norge, seier Dale Oen.

Les meir om undersøkinga her.